Portefølje
Her får du eit innblikk i korleis eg gjer komplekse bodskap enkle å forstå gjennom rapportdesign, infografikk, grafar og tabellar. Du finn òg døme på støttemateriell og visuell profil som løftar heilskapen i uttrykket.
Du kan lese meir om verdien av design her.


Årsrapport
Kunde:
Grøn Fjord – fiktiv kunde.
Prosjekt:
Årsmelding, prosjektrapport og brosjyre.
Om prosjektet:
For Grøn Fjord har eg utforma layout og grafisk design til ei kort årsmelding, prosjektrapport og ei informasjonsbrosjyre. Fokus låg på å presentere nøkkeltal og bodskap på ein enkel og visuelt tydeleg måte gjennom infografikk, grafar, tabellar og illustrasjonar. Designet byggjer på kunden sin visuelle profil med definerte fargar, logo og typografi, og har eit reint og moderne uttrykk som støttar bodskapen og gjer informasjon lett tilgjengeleg.







Støttemateriell
Kunde:
Leftovers AS
Prosjekt:
Logo, visuell profil, brosjyre, rollup, visittkort, produktlapper og nettside
Om prosjektet:
For Leftovers AS har eg utvikla eit samla uttrykk som kombinerer logo, visuell profil og støttemateriell. Hovudfokuset har vore å utforme brosjyre, produktlappar, visittkort, rollup og nettside som formidlar verksemda sitt samfunnsoppdrag på ein tydeleg og profesjonell måte.
Designet tek utgangspunkt i berekraft og bruk av overskotsmateriale frå møbelindustrien, og løftar fram korleis dette kan skape nye produkt og arbeidsplassar. Logo og profil fungerer som fundament for det visuelle uttrykket og bind saman alt materiell til ein heilskapleg og gjenkjenneleg merkevare





Logo og visuell profil
Kunde:
NÅ Yoga
Prosjekt:
Logo, visuell profil, illustrasjonar, infografikk, plakatar og visittkort.
om prosjektet:
For NÅ Yoga har eg utvikla ein visuell identitet med fokus på ro, balanse og tilstadeværelse. Logoen har eit organisk og enkelt formspråk som også er brukt i illustrasjonane for å skape ulike yogaposisjonar, noko som gir profilen eit særprega og heilskapleg uttrykk.
Infografikken er utforma for å formidle informasjon på ein tydeleg og visuelt balansert måte, med symbolikk og struktur som støttar opp under kjerneverdiane til bedrifta.










